Frå gamalt av blei samane kalla «dei åtte årstiders folk» fordi dei levde eit nomadeliv, der dei følgde reinen på vandring gjennom dei åtte årstidene. Reinen beiter ute heile året og vandrer mellom ulike beiteområde, frå fjell til kyst, for alltid å finne den beste maten. Lav, lyng og kvist er vanleg vintermat, gras, urter og sopp er sommar- og haustmat.
Årstidene har namn etter kva som skjer i reindrifta. Hausten, čakča, er paringstid. I oktober–november vandrer reinen til haustbeitet, og her parar den seg. Etter čakča, kjem čakčadadálvi som betyr haustvinter og slaktetid. Slik gjeng ein gjennom året og knyter saman endringane i naturen og reindrifta.
Reindrift
Reindrifta er bygd på tradisjon og på at kunnskapen blir ført vidare frå foreldre til born hos samane. Borna deltek i reindrifta frå dei er små. Allereie då får dei sine eigne rein. Reinsdyra vandrar opptil 600 km kvart einaste år, langsmed urgamle vandreruter mellom årstidsbeita. Om sommaren held dei til ved kysten, medan på hausten, haustvinteren), vinteren), og vårvinteren trekker dei lengre inn på vidda.
Dette skjer ikkje berre i Troms og Finnmark, men òg langt sør i landet. I dag er det ikkje like mange samar som før som flytter med reinsdyra sine, men heile 40 % av Noregs landareal nyttast til samisk reindrift, og 140 av 356 kommunar har reindrift!
Dei åtte årstidene
- Čakča betyr haust og paringstid. I oktober–november vandrar reinen til haustbeitet. Dette er paringstid for reinen.
- Čakčadálvi betyr haustvinter og slaktetid. I november–desember samlar reineigarane dyra for slakting og merking. Dette er òg årstida for flytting til vinterbeitet.
- Dálvi betyr vinter og vinterbeite. Frå desember til februar er reinsdyra på vinterbeite. Reinen grev beitegroper for å finne lav under snøen, men sparer òg mest mogleg på kreftene i kulda.
- Giđđadálvi betyr vårvinter, og i februar–mars er dyra fortsatt på vinterbeite. Gjennom heile vinteren sjekkar reineigarane snø- og beiteforholda for å sjå til at dyra har det bra.
- Giđđa betyr vår, og i april–mai begynner snøen å smelte. Reinen trekker nedover til dei faste kalveområda.
- Giđđageassi betyr vårsommar, og i mai–juni er det kalvingstid. Simlene (hodyra) får dei ein kalv kvar.
- Geassi betyr sommar, og i juni–august er reinen på sommarbeite, gjerne i låglandet og langs kysten. Kalvane veks fort for å bli store og sterke nok til å overleve ein lang vinter.
- Čakčageassi betyr haustsommar og tid for å øyremerke kalvane. I august–september slaktast også reinsbukkane før paringstida, men ikkje alle.
Den fine tegningen av årstidene er det Anne Marit Gaup som har laget.
Samefolkets dag 6. februar
På samefolkets dag feirast ein gammal og stolt kultur som er ein viktig del av det norske fellesskapet. Lær meir om samisk kultur og reindrift! Det finst fleire filmar på NRK som speidarane kan sjå, til dømes «Alle min rein kjenner jeg», «Viddas voktere», «Reindrømmen» og «Reinlykke». Lag eit samisk måltid saman, som bidos eller finnbiff! I Speiderbasen finn du møteopplegg for Samefolkets dag.
Er de heldige, er det reindrift der de bor. Finn næraste siida (reindriftsfamilie) og spør om dei treng hjelp, og om de kan kome for å hjelpe og lære.
Kva er ein nomade?
Ein nomade er ein person som høyrer til ei folkegruppe som ikkje har fast bustad. I staden flyttar nomadane omkring med dyreflokken sin eller driv jakt.
Kjente ord fra samisk
Lavvo kommer av nordsamisk lávvu, som er teltet samene bruker når de flytter med reinen om sommeren.
Pulk kommer også fra samisk, via det finske ordet pulkka og betyr en delvis lukket (plast)slede til å frakte småbarn eller bagasje i på skitur.