Kliss klass
Å bli våt er eit av dei vanlegaste problema på tur. Korleis turker ein klede på tur? Fortast går det over bålet eller ei anna varmekjelde, men ver forsiktig. Hald avstand til flammane, pioner gjerne eit stativ som held kleda på riktig avstand. Ei anna løysing er å turke klede på kroppen eller i soveposen. Sokkar kan du legge på låra under stillongsen. Ein kan turke på kroppen, god lufting og hudkontakt er viktig. Dette kan du også gjere medan du går.
Dopapirkrise
Ikkje fortvil, sjølv om du har mange dagar igjen på tur. Er det snø, er dét betre enn papir. Lag ein god snøball og turk i veg. Sommarstid kan du sjå etter ulike vekstar som kan hjelpe deg. Torvmose er til dømes ypperleg, mjuk og god som våtserviettar. Finn du ikkje dette, så er andre typar mose eller store blad gode alternativ.
Hol i soveposen
Om du sit ved bålet eller fyrer brennaren inne i teltet, så utgjer det ein fare for kleda du har på seg. Du kan vere uheldig å få gnistar på posen, eller i verste fall legge deler av posen i flammane. Kva gjer du då? Det er vanskeleg å fikse ute, så å lukke holet med sportstape er det beste på tur. Legg tapen dobbelt, slik at det ikkje blir lim på nokon av sida, lag en bit som er omtrent like stor som holet, legg den over holet og tape igjen over med sportstape. Er limet i tapen dårleg, kan det vere lurt å varme han opp med hendene eller ei varmeflaske, slik at han festar seg betre. Når du kjem heim, kan posen lappast saman igjen.
Skosålen lausnar
Endeleg skal du på tur att, kanskje har føttene vakse sidan sist, og du låner mor eller far sine gamle fjellsko. Med godt mot dreg du ut og plutseleg ser du at skosålen ikkje lengre er i eit med skoa. Løysinga kan vere å gaffatape saman skoa slik at den held fram til ein plass der du kan byte sko.
Oi! Eg gløymde...
Kva gjer du om du plutseleg finn deg sjølv på leir eller tur og har gløymd noko heilt essensielt? Eg gløymde å ta med lavvostonga på verdsspeidarleiren i Japan i 2015. Alle som har slått opp ein lavvo veit at det nesten er umogleg utan stong. Løysinga var å sjå etter noko som kunne erstatte stanga. Ei bambusraje funka bra. Når ein gløymer ting ein treng, gjeld det å ikkje grave seg ned. Løysinga er kanskje nærare enn du trur, men du må vere kreativ for å sjå ho. Har du til dømes gløymd liggjeunderlag, finn noko anna å liggje på. Også er det sjølvsagt lurt å sjekke lavvoen før du reiser til den andre sida av verda.
Kva bruker å gå gale når du er på tur? Legg ut bilete og historie på instagram og bruk emneknaggen #speiding.
Denne artikkelen er hentet fra SPEIDEREN nr. 2 2026. Du kan lese bladet digitalt her.