Gode speidarvener i Norden
Gjennom Speiderne i Norge er Norges speiderforbund med i det som heiter Nordisk speiderkomité (NSK). Denne komiteen organiserer samarbeidet mellom speidarforbunda i Norden, som mellom anna omfattar samarbeid på politisk nivå (særleg mellom International Commissioners, IC-ane), samarbeid gjennom erfaringsutveksling og samarbeid om arrangement for speidarar og leiarar.
Landa i Norden har mykje til felles både språkleg og kulturelt, og vi ser at også speidinga blir driven nokså likt. Det vil seie at vi har mykje å tene på å diskutere felles utfordringar og dele løysingane våre på dei. Vi har ulike ting vi er gode på, og dermed har vi mykje å lære av kvarandre. Det er kanskje hovudføremålet med at Nordisk speidarkonferanse blir arrangert kvart tredje år.
Kunnskaps- og erfaringsdeling
På konferansen blir det halde ei rekkje parallelløkter der deltakarane kan høyre dei ulike nordiske landa fortelje om prosjekt dei har hatt eller erfaringar på eit bestemt område. Det er også gode moglegheiter til å utveksle erfaringar dei ulike landa har gjort seg på område som vekst, roverprogram eller bistandsarbeid.
I tillegg kjem sjølvsagt alle dei uformelle møteplassane i løpet av konferansen, der det er gode moglegheiter for å finne andre som har same eller liknande rolle som ein sjølv, og snakke om kva som rører seg. Resultatet er som regel at ein har med seg meir inspirasjon i bagasjen heim!
Ny aktivitetsplan for 2025–2027
Nordisk speidarkonferanse har også ein meir formell del der representantar for styra i dei ulike landa vedtek aktivitetsplan for den neste treårsperioden, etter at han har vore oppe til diskusjon blant alle deltakarane på konferansen. I denne aktivitetsplanen står det kva for nordiske arrangement som skal arrangerast, og kva for eit land som skal vere vertskap. I den komande treårsperioden skal Noreg arrangere Nordic Adventure Race i 2026 og Go Global i 2027.
Færingane – eit godt vertskap
Alt i alt blei Nordisk speidarkonferanse ei svært god oppleving for den norske delegasjonen frå Norges speiderforbund og Norges KFUK-KFUM-speidere. Konferansen starta med ein tur ut i den vakre færøyske naturen. Etter ein skoddetung dag der sikta var relativt dårleg, viste vêret seg frå si beste side, og det opna seg storslåtte landskap og flotte fjordar.
Opplegget på resten av konferansen var godt gjennomtenkt, og færingane var både gjestfrie og hjelpsame. Sjølve konferansen fann stad i det vakre Nordens hus i hovudstaden Tórshavn. Vi reiser heim rikare på både kunnskap og opplevingar og vender gjerne tilbake til Færøyane!