Innhold
Deltakarane deler seg inn i to lag. Det er ein fordel om kvart lag har ein forsongar/motivator som veit kva som skal ropast.
Eit av laga byrjar (med normal stemmebruk):
«Vi har våra klara barnestemmer kvar,
men har ni era klara barnestemmer kvar?»
Det andre følgjer opp:
«Ja, vi har våra klara barnestemmmer kvar,
men har ni era klara barnestemmer kvar?»
Deretter svarar det fyrste laget med denne siste strofa att, men denne gongen med auka stemmebruk. Så svarar det andre att. Stemmebruken skal altså stadig aukast og aukast. Slik held ein på til ein ikkje klarer å brøle høgare. Til slutt kviskrar ein, for å vise at konkurransen er over.