Utstyr
- Skjerf eller lignande til å ha forran augene
- Ein plass til å spela på, med to mål. Ein ballbinge er godt egna til dette.
- Ein ball. Det finst ballar med lyd i. Dette gjer det enklare å spela, men desse kan vera dyre.
Fremgangsmåte
Hvorfor
Dette er ein kjekk aktivitet for å testa sansane. Spelarane får ein følelse av å kjenne korleis det er å vere blind og må bruke dei andre sansane sine for å finne ballen. I tilleg får dei øvelse i samarbeid.
Del spelarane inn i to lag. De kan velga om de vil at kvar spelar skal ha ein ledsager som ser eller om det berre skal vera keeperen som ser. Dersom de har ledsager, kan denne enten gå på sida av spelaren eller halde han i handa. Dei som ser må veilede dei blinde. Byt på kven som er blind og spelar.
Så er det om å gjere å score flest mål!
Ressurser
Illustrasjonen er KI-generert.
Utfordringer og erfaringer
Det kan vera vanskeleg å finne ballen, merke når han kjem mot deg, sparke han og å vite kvar andre spelarar er, men det er dette som er kjekt med leken. Ein kjekk lek som passar for alle alderar. Dette er ein fin lek for å verte kjent med andre, men kan også lekast berre for å ha det kjekt.