Utstyr
1 papp- eller plastkrus til kvar «indianar» 1 tauring (eller noko anna til å markere friområdet med) 4 bøtter (ha fleire enn det klare med vatn i) Tau e.l. til å markere midtbana (viss det er nødvendig)Fremgangsmåte
Set på førehand opp bana som på teikninga nedanfor. Tre fulle bøtter med vatn i den eine enden, midtbanemarkering, tauringen på midten av den andre banehalvdelen, med ei tom bøtte i midten av ringen.

Del speidarane inn i to lag med om lag like mange på kvart. Vel kven som skal vere cowboylaget og kven som skal vere indianarlaget (anten ved at du tek avgjersla, eller ved at éin frå kvart lag tek stein-saks-papir).
Del ut krus til indianarlaget. Indianarane si oppgåve er no å fylle vatn i krusa sine og springe til bøtta på cowboysida og fylle den med vatn fram og tilbake. Cowboyane har ikkje lov til å gå inn på indianarsida, og tauringen på cowboysida er friområde for indianarane. Men cowboyane kan ta indianarane når dei er på veg inn i tauringen. Då må indianarane tømme ut vatnet dei har i kruset sitt.
Bytt side etter om lag halve tida. Vinnarane er det laget som fylte mest vatn i bøtta i tauringen. Understrek for speidarane at dette ikkje på nokon måte er vasskrig ... vitsen er ikkje å grise med vatnet.