Fremgangsmåte
Alle stiller opp tre og tre. Vert det éin eller to til overs, kan desse vere dei som gjev kommandoane. Dersom ikkje, er det leiaren som komanderer.
To av dei tre som har stilt opp tek kvarandre i hendene. Den tredje stiller seg i den vesle ringen dei to andre lagar. Han er då ein kanarifugl i bur.
Den/dei som har kommandoen kan velje mellom å seie «kanarifugl», «bur» eller «jordskjelv». Vert det sagt «kanarifugl», så flyg fuglane ut og finn seg nye bur, medan bura står i ro. Seier ein «bur» er det omvendt, då er det bura som må finne seg ein ny fugl. Dersom det derimot vert sagt «jordskjelv», så er alle identitetar oppløyste, kanarifuglane kan verte bur og omvendt. Eller ein kan vere det same som før. Poenget er at alle må byte plass.
Leik til du merkar at speidarane byrjar å synest at det er kjedeleg.
Ressurser
- «Terminsprogram 13-15 år - våren 2009» frå Svenska Scoutrådet.