Forberedelser
Aktiviteten bør ha 1012 eller fleire deltakarar. Dess fleire deltakarar, dess vanskelegare å gjennomføre.
Fremgangsmåte
Deltakarane står i ein sirkel og held kvarandre i hendene. Deltakarane får nummer (1 og 2). Einarane held kroppen rett og lenar seg så langt dei kan mot sentrum av sirkelen, medan toarane lenar seg vekk frå sentrum, dvs. bakover. Gjer deretter einarane til toarar og omvendt.
Aktivitetsleiaren vert med i sirkelen dersom det trengst for å få like mange einarar og toarar.
Bruk gjerne denne øvinga i samanheng med aktivitetar som krev konsentrasjon, for å få konsentrasjon, for å få eit avbrekk eller for å få rørsle. Ha gjerne ein samtale i etterkant. Klarte deltakarane å vere trygge på kvarandre i denne situasjonen?
Ressurser
Basert på ein aktivitet i heftet Mobbstopp frå Norske 4H.