Forberedelser
Rydd plass til at alle kan bevege seg fritt. Vis alle fem trinna med lyd og rørsle før leiken startar.
Utstyr
Ingenting – berre deltakarar!
Fremgangsmåte
Dei fem trinna på evolusjonsstigen
- Amøbe – kryp langs bakken og boble «blobb-blobb-blobb»
- Fisk – sym med hendene og sei «blubb-blubb-blubb»
- Dinosaur – gå tungt med små armar og brøl «RAAAWR!»
- Neandertalmenneske – gå foroverbøygd, hyt med knyttneven og grunt «UGH!»
- Baden-Powell – gå stolt oppreist, gjer speiderteiknet og sei «Be prepared!»
Slik spelar ein
- Alle startar som amøbe.
- Finn nokon på same trinn som deg og ta stein-saks-papir.
- Vinn du: gå opp eitt trinn på evolusjonsstigen.
- Taper du: gå ned eitt trinn (eller bli verande som amøbe).
- Når du er Baden-Powell, prøv å halde deg der – unngå utfordringar frå neandertalmenneske!
- Den eller dei som er Baden-Powell når leiken vert avslutta, vinn.
Tips: Roverane kan sjølve bestemme kva karakterar som skal vere med – lag gjerne ein versjon med lokale heltar, historiske personar eller eigne interne vitsar frå rovarlaget.