Forberedelser
20 liter vatn per dag er det som krevst for at eitt menneske skal klare det mest nødvendige. Mange har endå mindre vatn enn dette. Over ein milliard menneske har mindre vatn enn dei treng for å oppfylle dei grunnleggjande behova sine. I Noreg vert det brukt om lag 200 liter vatn per person per dag. Om lag 10 liter av dette går til mat og drikke, 40 liter til toalettnedspyling, 40 liter til oppvask, 30 liter til klesvask, 70 liter til personleg hygiene og 10 liter til husvask, bilvask og anna.
Utstyr
- Ein kanne eller bøtte til 20 liter vatn
- 10 spann
Fremgangsmåte
Situasjon:
Du har berre 20 liter vatn per dag! Korleis vil du fordele dette?
Utføring:
Det står seks tomme bøtter/spann som speidarane skal fordele dei 20 litrane på. På kvart spann står det kva vatnet vert brukt til:
- Mat
- Drikke
- Dusj og vaske hender
- Toalettnedspyling
- Oppvask
- Klesvask
- Rengjøring
- Bilvask
- Vanne blomster
- Anna
Sei til speidarane at dei må passe på kor mykje dei tømmer i kvart spann eller la dei fordele vatnet mellom spanna sjølve.
Ressurser
- «20 liter vatten» frå aktivitetsbanken til Svenska Scoutrådet (ekstern lenke)
- Foto: CF Salicath