Hopp til innhold

Aktivitet

Rundløype - førstehjelp

Oppgave i førstehjelp som ble brukt under NM i speideing 2003. Utvikle ferdigheter i førstehjelp.

Utstyr

Stokkar til avstivning

Fremgangsmåte

 Desse hjelpemidla er lov :

  • Sag
  • Øks
  • Kniv
  • Speidarskjerf
  • Kle
  • Multiverktøy (f.eks Leatherman)

Patruljemedlemmane er markørar!
 

Oppgåvetekst:
(patrulja vel sjølv kva rekkefølge ein vil ta)

Oppgåve 1: (40%)
Troppa til Tårnåsen er på leir og har begynt å lage det største tårnet nokon sinne. Tårnet blir høgt og svaiar ganske bra i vinden. Plutseleg høyrer speidarane at tårnet knakar og ein stor stokk kjem i full fart nedover! Truls blir treft og dett om! Kva gjer vi?

Truls er omtåket og blør mykje frå foten og arma. Etter nærmare undersøkingar finn dykk ut at ei beinpipe stikk ut midt på leggen og at arma har fått seg eit kraftig kutt. I panna har Truls fått ein stor kul.

Vis korrekt førstehjelp, varsling av ulykke, pasientbehandling og to måtar å transportere Truls til vegen på utan båre.

Oppgåve 2: (10%)
Patrulje Isbjørn har vært på tur i det kalde nord. Etter ein lang dag ute på ski klagar ein av patruljemedlemmane over at føtene hans er kalde og utan følelse.

Forklar kva patruljeførar Kaldstein skal gjere?

Oppgåve 3: (10%)
Nok ein gang har øksa skada ein speidar, no er det vedmeister Kubbe som har fått seg ei stygt kutt i underarma nær handleddet. Blodet spruter ut!

Vis kva patrulja Bjørk gjer no?

Oppgåve 4: (10%)
Patrulja Høne er på fotballkamp. Kampen er svært spennande og heimelaget har nettopp scora et mål. Midt oppe i heiinga er det ei jente ved sida av dykk som prøver å få i seg ei pølse. Plutseleg blir ho blå i ansiktet, og ho reisar seg mens ho tar seg til halsen.

Vis korleis patrulja Høne skal løyse denne situasjonen?

Oppgåve 5: (10%)
I dag gikk turen til Aurenakken for patrulja Primus. I det patruljeførar Parafin skulle til å tenne opp primusen sa det PANG! Og eit flammehav velta opp. Patruljeførar Parafin fikk seg eit kraftig brannsår på venstre arm og svidde av den nydelige panneluggen sin som patruljemedlem Sara likte så godt.

Forklar kva patruljemedlemmane må gjere no?

Oppgåve 6: (20%)
Kva er rett eller galt her?

Påstand

  1. Insekt som kjem inn i øyret kan ein prøve å få ut igjen ved å lyse med ei lykt inn i øyret.
  2. Ved hovudskade kan pupillane få forskjellig størrelse.
  3. Gassbind er mest føremålstenleg til støttebandasje.
  4. Får du rusk i auget blir du raskare kvitt rusket om du gnir auget.
  5. Trykkbandasje skal stanse blødingar
  6. Diabetes er ein kronisk stoffskiftesjukdom som skyldast mangel på, eller nedsett verknad av hormonet insulin
  7. Det er aldri fare for sirkulasjonsvikt ved større brot.
  8. Ved inntak av etsande veske er det viktig å drikke matolje.
  9. BCG-vaksine hjelp mot turberkulose.
  10. Ein vaksen mann på 70 kg har 5-6 liter blod.

Fasit

f__rstehjelp_fasit_2003_Page_1.jpg

f__rstehjelp_fasit_2003_Page_2.jpg

Denne siden er hentet fra den gamle Speiderbasen og er ennå ikke gjennomgått.

Mer fra Speiderbasen

  • Fagstoff

    Førstehjelpsregelen BLÅS

    BLÅS er en huskeregel for hva du gjør når du finner en person som har falt eller er bevisstløs. Å kjenne BLÅS kan redde liv – og er et krav i flere…

    • Småspeider til Rover
    • Leder
  • Fagstoff

    Sikkerhet i kano

    Sikkerhetsregler og redningstips ved bruk av kano. Lære trygg bruk av kano.

    • Alle
  • Fagstoff

    NM i speiding

    Oversikt over oppgaver som ble brukt under NM i speiding og vinnerpatruljer. Gamle NM-oppgaver kan brukes i forbindelse med forberedelser til NM, men…

    • Stifinner til Vandrer
  • Aktivitet

    Lag en båre av rajer og tau

    Speiderne bygger en improvisert båre av rajer og sisaltau, og øver på å sikre en pasient forsvarlig for transport. En viktig ferdighet innen…

    75 min Inne og ute Rolig

    • Stifinner til Rover
  • Aktivitet

    Lage båre

    Lage båre for å frakte skadde. Dette er noe alle bør kunne og kanskje vil måtte bruke.

    0–90 min Ute

    • Stifinner til Rover
    • Leder
  • Sang og dikt

    Skjelettsangen

    En morsom sang om kroppens bein og skjelett, skrevet av Ragnhild og Arvid Hellstrøm. Perfekt for å lære navn på kroppsdeler og bein på en engasjerende…

    • Stifinner til Vandrer

Til Speiderbasen